Leksjon 3: Rytme og puls
Puls kjenner du sikkert til frå at hjarta bankar. Pulsen er på ein måte hjarteslaga til musikken. Pulsen er jamn og går heile tida under musikken.
Når du "trampar takten" eller klappar til musikk, er det pulsen du kjenner og følgjer.
Med puls i musikken meiner vi då
grunnrytmen.

Grunnrytmen deler vi gjerne inn i kor mange slag vi kan telje til i kvar takt.
Ein takt startar oftast med eit tungt slag (betont slag), det kallar vi gjerne for "einaren".
Det mest vanlege er å telje til 4, men ein kan og telje til 2,3 eller 6. Det finnes og musikk der ein tel til 5, 7 eller 9, men det er ikkje så vanleg.

Puls heng tett saman med tempo, som du kan læra meir om i
leksjon 5.

Til å hjelpe oss med å halde stødig puls eller å "halde takten" som ein ofte seier, nyttar vi gjerne ein
metronom.

Her kan du høyre ein metronom:

Metronom med puls på 2
(Taktarten heiter då oftast 2/4)

Metronom med puls på 3
(Taktarten heiter då oftast 3/4)

Metronom med puls på 4
(Taktarten heiter då oftast 4/4)

Metronom med puls på 6
(Taktarten heiter då oftast 6/8)


Her er nokre døme på musikk med ulik puls. Legg merke til det tunge slaget (1). Det vert også markert av metronomen.

Musikk med puls på 2 | Musikk med puls på 3 |

Musikk med puls på 4 | Musikk med puls på 6 |

Rytmen blir laga av det som kjem "oppå" puls-slaga. Det kan vere kortare og lengre slag.

Her er eit
døme med ein jamn puls og ein rytme oppå.

.
Tenkjespørsmål:
Kjenner du til namnet på ein dans der vi tel til 3?
Velkomen!
På desse sidene kan du læra om korleis musikk er bygd opp og korleis du kan bli enno betre til å forklara kva du høyrer når du lyttar til musikk.

© Lars J Liknes 2010 E-post