Leksjon 5: Tempo
Tempo er det ordet vi nyttar når vi skal seie noko om kor fort musikken går, kva fart den har. Når vi skal måle dette, tek vi utgangspunkt i puls-slaga (sjå leksjon 3). Dei går som regel jamnt i store delar av eit musikkstykke og vi kan då seie noko om tempoet på musikken.
Når vi køyrer bil måler vi farten i kilometer i timen (km/t). Til å hjelpe oss med å sei kor fort musikken går har vi noko som heiter BPM. Det kjem frå engelsk og står for Beats Per Minute, antall slag pr minutt. Har du ei klokke, kan du måle BPM ved å telje antall puls-slag i eit minutt (eller telje i 15 sekund og gange med 4!) Her kan du høyre korleis ulike BPM blir for same songen:
På same måten som for dynamikk (sjå leksjon 4) så kan vi gje ulike tempo ulike navn for å seie omtrent kor fort vi vil at musikken skal gå. Dei vanlegaste er:
svært langsomt
svært raskt
40 bpm
60
100
220 bpm
160
120
Hugsar du metronomen frå leksjon 3? Den kan i tillegg til å hjelpe oss med å halde stødig puls gi oss tempoet. Metronomen stilles inn på antal BPM og held då dette tempoet jamnt.
Her kan du prøve ein digital metronom som ligg på nettet.
Du kan stille inn tempo og sjå kva tempoet heiter. Klikk på biletet for å opna lenka.
Nokre gonger kan det vere at vi vil endre tempo på musikken.
Det kan vi markere ved å skrive inn: Accelerando = tempoet skal gradvis auka (tenk på når bilen akselererar...) Ritardando = tempoet skal gradvis senkast. |