Leksjon 6: Form
Eit musikkstykke eller ein melodi kan ofte delas opp i ulike delar. Korleis desse delene er sett saman kallar vi for formen på musikken. Formen er som regel bygd opp kring repetisjon av eit eller fleire tema.
Det finnes ulike måtar å dele musikken inn i delar og det kjem ofte an på kva type musikk vi høyrer på. Klassisk musikk har ofte ein annan form enn vanleg populærmusikk (dette kan du lesa meir om på Ekstra), men også her vert ting repetert og bygd opp kring tema. Vi skal her fyrst og fremst sjå på korleis ein heilt vanleg sang eller poplåt ofte kan delast inn i ulike deler. Syng denne songen inni deg: Lille Petter Edderkopp han klatra på min hatt (A) Så byrja det å regne og Petter ned han datt (A) Så kom sola og skein på min hatt (B) Då vart det liv i Edderkopp, han klatra på min hatt (A) Om me tenkjer på kvar linje (strofe) i ein song som ein setning, kan vi dele inn med noko vi kaller A og B (sjå parentesane). Då kan vi seie at formen på denne songen er A-A-B-A. Dette er ei svært vanleg form på mange songar. (Tenk etter - "Pål sine høner", "Per Spelmann", "Alle fugler"...) Nokre songar har ei enno enklare form: A-B-A (t.d. "Bjørnen sover") * * * * * I populærmusikk (til dømes pop, rock og viser) nyttar ein ofte eigne ord for å forklara dei ulike delane av musikken: 1. Innleiing eller intro Eit musikkstykke har som regel alltid ein start, eit forspel eller ein introduksjon. Denne innleiinga vert gjerne kalla for ein intro. 2. Vers Ein song har ofte fleire vers. Då vert den same melodien nytta fleire gonger. Det som skil versa frå ein annan er oftast teksten, men det hender og at både melodien, instrumenta og rytmen er litt ulik på dei forskjellige versa. 3. Refreng Eit refreng kjenner vi att på at det ofte har annleis melodi og tekst enn versa. Refrenget vert også teken opp att fleire gonger, men då har det som regel alltid same teksten og melodien. Ofte vert refrenget brukt fleire gonger på slutten av songen. 4. Bru, stikk eller mellomspel For å gjere eit musikkstykke meir spanande å høyre på er det vanleg å lage eit mellomspel eit stykke ut i songen. Dette kallar vi gjerne ei bru, eit stikk eller eit mellomspel. Vi kjenner det att på at det ofte har litt annleis melodi enn både vers og refreng. Nokre gonger lagar ein mellomspelet utan tekst, då kallar vi det instrumentalt mellomspel. Ein kan og la eit heilt nytt instrument spele melodien på mellomspelet. 5. Avslutning eller outro For å runda av eit musikkstykke, nyttar ein ofte ein eigen avslutning. Avslutninga er ofte utan tekst og om den har melodi er den som regel annleis enn både vers, refreng og bru. Denne avslutninga vert ofte kalla ein outro. Det finnes sjølvsagt ingen fast oppskrift på korleis eit musikkstykke si form er, men ofte finn vi igjen desse 5 delene i mange songar og musikkstykke.
Tenkjespørsmål:
Tenk på den siste songen du hugsar å ha høyrt på (radio, mobil, mp3). Kan du hugse å ha høyrt noko av det du har lese om her? |