Leksjon 4: Dynamikk
Ordet dynamikk i musikken viser til kor sterk eller svak musikken er. Det er umogleg å seie akkurat kor sterk musikken er utan å måle, men vi har ofte ei kjensle av kor sterk musikken verkar.
Det er sjeldan at eit musikkstykke er like sterkt frå start til slutt. Variasjon i styrkegrad er og noko som har med dynamikk å gjere.

I musikken er det eigne uttrykk som kan hjelpe dei som skriv musikk til å forklara omtrent kor sterk dei vil musikken skal vere.


pp pianissimo svært svakt
p piano svakt
mp mezzopiano middels svakt
mf mezzoforte middels sterkt
f forte sterkt
ff fortissimo svært sterkt
svært svakt
svært sterkt
p
f
Her kan du høyre korleis eit piano kan spele dei ulike styrkegradane.
Klikk på symbola for å samanlikne styrkegraden.
Skifte mellom styrkegradane kan skje brått eller gradvis.
Når ein vil at musikken skal bli gradvis sterkare nyttar ein gjerne eit slikt tegn:



(eller ein kan skrive
cresc.som tyder "gradvis sterkare")

Når ein vil at musikken skal bli gradvis svakare nyttar ein gjerne eit slikt tegn:



(eller ein kan skrive
decresc.som tyder "gradvis sterkare")

Her ser du begge teikna nytta på ein liten melodi, pluss ein styrkegrad
(hugsar du kva mf tyder?)
.
Tenkjespørsmål:
Kan du finne ut kva forkortingane cresc. og decresc. står for?
Hint: Bruk ordboka som du finn under "
Ekstra"
Velkomen!
På desse sidene kan du læra om korleis musikk er bygd opp og korleis du kan bli enno betre til å forklara kva du høyrer når du lyttar til musikk.

© Lars J Liknes 2010 E-post