Leksjon 2: Melodi
Melodi er den stemma eller det instrumentet som vi høyrer tydeleg i musikken og som ofte er det vi nynnar eller syng når vi skal forklare nokon kva sang vi tenkjer på.
Den skil seg ut frå det vi kallar
akkompagnement som er "resten" av musikken.

Lett å finne Middels lett å finne Vanskeleg å finne
Lett å synge
Middels lett å synge Vanskeleg å synge
Lett å hugse Middels lett å hugse Vanskeleg å hugse
Lys
Korkje lys eller mørk Mørk
Korte tonar Middels lange tonar Lange tonar
Når vi skal sei noko om melodien kan vi ha hjelp av dette skjemaet for å seie noko om kva vi høyrer. Melodien kan til dømes vere lett å finne, men vanskeleg å synge og med lyse, lange tonar.
Her er to døme på same song, den eine med melodi og den andre utan melodi (berre akkompagnement)
Tenkjespørsmål:
Kva synes du om melodien du høyrde over? Bruk skjemaet og tenk over det.
Kor mange gonger må du høyre denne melodien før du trur du kan han?
.
Velkomen!
På desse sidene kan du læra om korleis musikk er bygd opp og korleis du kan bli enno betre til å forklara kva du høyrer når du lyttar til musikk.

© Lars J Liknes 2010 E-post