Leksjon 1: Klang
Når vi talar om klangen i musikken, er det eit forsøk på å beskriva kva det er vi høyrer og korleis musikken verkar på oss. Sidan alle menneske er ulike, vil og det vi tenkjer når vi høyrer musikk vera ulikt.
Det kan vere vanskeleg å seie kva klang musikken vi høyrer har, men vi kan prøve å setje ord på det. Då nyttar vi som oftast
adjektiv, ord som beskriv eigenskapar ved noko.

Her er nokre døme på slike ord:
avspent
blaut
dempa
djup
draumande
flat
fyldig
himmelsk
hul
innestengt
kald
kort
kraftig
lang
lys
mektig
metallisk
mild
mjuk
mørk
oppspilt
ru

skarp
sjenerande
skjærande
skurrande
skummel
smatrande
stor

svak
tynn
tørr
ujamn
uklar
varm
velklingande
Kan du kome på andre ord som kan vere nyttige når vi skal beskriva klangen i musikken?

Tenkjespørsmål:
Veit du kva alle desse orda tyder? Prøv å finne det ut (kanskje du kan spør nokon?)
Kjenner du til musikk som kan passe til eitt eller fleire av orda?
Velkomen!
På desse sidene kan du læra om korleis musikk er bygd opp og korleis du kan bli enno betre til å forklara kva du høyrer når du lyttar til musikk.

© Lars J Liknes 2010 E-post